Borgund menighet > Vis


Helgetankar 24.søndag i Treeiningstida


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Joh 6,63-69
«Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv.»

I den siste tida er det fleire som har fortalt meg at dei har byrja lese mykje meir i Bibelen enn før. Dei les heile bøker i samanhang, ikkje berre eit vers her og der. Nokre går inn og studerer alt så nøye som mogleg. Andre bryr seg ikkje om at dei ikkje forstår alt, men les berre vidare. Så fortel dei om at denne lesinga fyller dei med fred og at Guds ande verkar gjennom orda. Kanskje foregår det ei Bibel-vekking mellom oss.
Å lese Bibelen kan vere litt som å grave etter gull. Du skal ikkje grave lenge før du finn gull, før du finn ord som vekker deg, som talar om deg sjølv og ditt eige liv, og som talar om Gud på ein måte som dreg deg til Han. Anden er livet i ordet, og når vi les eller høyrer skal vi gøyme på dei orda som Anden gjer levande for oss. 
Guds ord er også dei orda vi har høyrt ein gong og som vi blir minna på når vi er i ein situasjon der vi treng dei. Vi må våge å sleppe ting frå oss litt og stole på den fantastiske og løyndomsfulle erfaringa som hukommelsen er.
Eg gjekk ein gong på eit evangeliseringskurs der vi fekk godt med undervisning kvar dag. Ved starten av kurset vart vi oppmoda til å merke oss det som vi kjente som Guds tale til oss og gløyme resten. Det var uvant for meg som heller var pliktoppfyllande og tenkte det beste var å få med seg så mykje som mogleg. Men det kan vere like viktig å gløyme som å hugse. Hvis ikkje blir det for mykje informasjon.


Levende ord fra en levende bok
viser oss veien og taler om livet vi lever.
Levende vann fra en levende brønn
slukker vår tørst.
Livet vi lever forandres nå.


På vår lange vandringsvei
lever vi av ord fra Deg.
Ved ditt ord som bringer Deg nær,
er Du med på vandringen her.

Nådens ord er livets vann
i den tørre ørkensand.
Hvor vi vandrer møtes vi med
Gud vår Faders kjærlighet.

 
Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake