Borgund menighet > Vis


Helgetankar til helgemessesøndag


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Matt 5,1-12
«Sæle er dei!»

Eg har ofte kjent meg dømt av desse orda av Jesus. Eg har tenkt at eg ikkje høyrer med i dei kategoriane Jesus omtalar som sæle. Men eg trur ikkje at dette er domsord. Tvert om trur eg at det er trøysteord og gratulasjonsord.
Jesus prisar dei lukkelege som har fylgt Han opp i fjellet for å høyra Han. Dei som kjente seg dregne til Han og vona på frelse ved Han. Dei hadde ikkje nok i seg sjølve, men trengte Jesus. Dette er dei fattige i ånda.
Flokken framfor Han er dei sørgande. Når trøyste-verbet står i passiv form som her, er det Gud sjølv som trøystar. Denne sida ved Gud møter vi mellom anna i Jes 40, 1-2: «Trøyst, trøyst mitt folk, seier dykkar Gud. Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt av Herrens hand for alle sine synder.» Når vi ventar dom og straff, blir vi overraska av trøysta sin Gud. Han veit korleis vi har det. «Som ein far er mild med sine born, er Herren mild med dei som fryktar han. For han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.» (Sal 103,13-14)
I flokken framfor Han finn vi dei audmjuke og tolsame, dei som hungrar og tyrstar etter rettferd, dei miskunnsame og dei reine av hjartet. Å vere rein av hjartet er ikkje det samme som å vere syndfri eller kultisk rein, men å vere heilhjarta framfor Gud. Når vi i nattverdliturgien syng «Vi lyfter våre hjarto til Herren» får vi komme med heile oss. Bøn er å vere inntil Gud med den vi er.
Dei som høyrde på Jesus fekk lovnad om himmelriket og dei velsigningane som høyrer himmelriket til: Trøyst, rettferd, miskunn, å få sjå Gud og å verte kalla Guds born. Ikkje rart at dei vert kalla sæle.

Ej för de starka
men för de svaga.
Ej för krigare men för bönder som plöjt
sin jordlott utan att klaga
spelar en gud på flöjt
Det är en grekisk saga …..
                    (Hjalmar Gullberg (1898-1961))


Kari Kvangarsnes Miller
 

Tilbake