Borgund menighet > Vis


Helgetankar (Treeiningssøndag)


Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord

Tekst: Matt 28,16-20
«Gjere læresveinar»

Denne teksten kallar vi «misjonsbefalinga», og vi lærer av den at livet vi lever skal ha ein verknad på andre. Vi skal ikkje berre leve for oss sjølve, men virke på dei vi omgir oss med.
Læresveinane fekk bodet om å gjere alle folk til læresveinar, altså det dei var sjølve. Berre ein læresvein kan gjere læresveinar. Dei kunne dele trua på Jesus Kristus, deira Herre og meister. Dei kunne dele med andre det dei sjølve hadde fått.
Vi påverkar kvarandre og samfunnet vi er ein del av. Det vi er verkar på vår omgjevnad.
Korleis kunne læresveinane gjere læresveinar? Jau, fordi dei sjølve var læresveinar, og det dei var hadde innvirkning på andre. I desse tider er vi alle opptekne av å unngå smitte, men her er det tale om ein positiv smitteeffekt. Læresveinane kunne dele den trua på Jesus dei sjølve hadde funne.
Når det gjeld å seie kva menneske som har hatt størst verknad på meg som menneske og kristen, så har det vore menneske som har vore og levd verdiane sine, menneske som har husa evangeliet, ikkje berre snakka om det. Dei let etter seg eit sterkt vitnemål.
Men det er ikkje berre det sterkt lysande eksemplet, den meir eller mindre kjente kristne, som verkar på andre. Dei kvardagskristne i din nære krins er like viktige, og dei er det mange av. Mine medmenneske lyser for meg med sine føredøme og si tru.
I ein av lesetekstane denne søndagen heiter det: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt». Dette er det livet som kan lyse sterkt og smitte andre. Den heilage Ande sin flamme breier om seg. Måtte vi alle bli smitta og føre denne smitten vidare. 

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake