Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
Denne corona-tida har gjort noko med oss alle, og hos meg dukkar det opp mange gamle minne. Ein dag nyleg begynte eg å tenke på kva tid eg første gong var i Borgund kyrkje?
Det er lenge sidan, eg var jentunge og grunnen til at eg som vaks opp på Vatne var her er eit fint minne: Det første bryllupet eg var i! Det var nettopp her og det var onkel til far min, Iver som gifta seg her. Han var då 72 år og hadde aldri vore gift. Grunnen til at vi var i Borgund var at tante Anna som han gifta seg med, opprinnelig var frå Sula og ho hadde heller ikkje vore gift før. Dette bryllupet viser at det alltid er håp, for onkel Iver hadde flytta inn på aldersheimen eit par år før og der var tante Anna kokke. Desse to vart kjent med kvarandre og vart glade i kvarandre sjølvom det var 10 år mellom dei. Onkel Iver hadde kanskje sine beste år denne tida for i ungdommen hadde han opplevd ulykkelig kjærlighet – og var åleine heilt til han traff tante Anna. Når eg plantar på grava deira på kyrkjegarden på Vatne, tenker eg tilbake på denne bryllaupsdagen deira – på middagen på hotell Noreg og den gode isen vi fekk til dessert.
Denne fortellinga vitnar om håp i ei tid desse to kanskje hadde tenkt at dei kom til å forbli ugifte, og så fortel det også noko om Borgund sitt store omland – at Sula også høyrde til denne kyrkjelyden i lange tider.
«Joh. 1,5: Lyset skinner i mørket, og mørket har ikkje overvunne det» var dagens ord på sms frå bibelen.no
Lyset kan plutseleg skine på dei mest uventa tider i livet, opne sansane og sjå etter lysstrimer på din veg.
KV
Du kan lese siste andakt her.