Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord
"Du leier meg . . ." 3.søndag i påsketida
Tekst: Joh 10, 11-18
Kvar i vårt samfunn finn vi menneske som lever for andre?
Eg tenkjer på læraren som set inn sine evner og si tid for å skape ein god skulekvardag for elevane.
Eg tenkjer på sjukepleiaren som med eit venleg sinn og profesjonalitet skaper tryggleik og von for gamle og sjuke.
Eg tenkjer på bonden som må la omsorga for dyra vege tyngst i det daglege arbeidet.
Eg tenkjer på alle foreldre som må lære å ofre eigne interesser til fordel for born og familie.
Utan prioritering og gode valg let det seg ikkje gjere å bygge eit godt samfunn.
Jesus fann eit bilete på si eiga rolle i gjetaren. Palestina var eit karrig land, og det var gjetaren si oppgåve å finne mat og vatn til sauene. Ville dyr fanst det òg, og gjetaren måtte verne flokken sin.
Sauene kjente gjetaren igjen på stemma. Dei visste at i han hadde dei den omsorga og hjelpa som dei trong. Derfor fylgde dei han når han kalla på dei.
Du leier meg gjennom dagane
Du rundar hushjørna augneblinken før meg
Det som skal komme snart har Du allereie sett
Der eg skal gå har Du allereie vore
med nærværet Ditt
med trøysta og krafta
Alle mine tider er i di hand
I Jesus har vi ein gjetar som ikkje eingong veik attende for å gå i døden for oss. Derfor er det ingen ting verken i liv eller død som kan skille oss frå Guds kjærleik.
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese gårdsdagens andakt her.