Ord til ettertanke Langfredag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til Langfredag.

 

Langfredag  Bilete v/ Håkon Gullvåg

Korsfesting

To sider av kyrkjekunst-kuben i Ellingsøy kyrkje har motiv frå Langfredag.  Krossfestinga er grelt og brutalt framstilt. 
I denne framstillinga er ikkje dei to røvarane i synsfeltet, dei som vart krossfest samtidig med Jesus.  Merksemda går til Jesus som tydeleg er merka med eit annleis kongesymbol: Tornekrona. 
Bakgrunnen er mørk, og evangelistane fortel om solformørking mellom kl. 12 og 15 denne dagen.e
I mørket bak og omkring krossen kan også vi kjenne på motstanden og hatet mot Jesus som toppa seg i ropet:  «Krossfest!  Krossfest!» 
Men også fortvilinga sitt mørker var der, det som la seg over dei som hadde vandra med Jesus frå Nasaret fram til denne dagen. 
Men der er eit overraskande lys over Jesus og krossen.  Det er som om orda frå Jesu øvsteprestelege bøn kjem nærare, ja, går i oppfylling på uforklarleg vis: 
Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:  «Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg.» Johannes 17,1.

Norsk Salmebok nr. 165:

T  1522 Nicolaus Decius, Agnus Dei (Joh 1,29)
O  1908 Elias Blix, 1861 M.B. Landstad
M  Fra middelalderen / Hos Joachim Slüter 1531 / Erfurt 1542

1 Du Guds Lam uskyldig,
i hel på krossen slegen!
Alt til døden lydig
du gjekk den pinslevegen.
Du bar vår synd og møde,
for oss du måtte bløde.
Miskunna oss, vår Herre Jesus!

3  …. Gjev oss din fred, vår Herre Jesus!

Du kan lese andakt til Skjærtorsdag her.

Tilbake