Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til siste helg.
Tekst: Matt 6,24-34
«Tillit er vanskeleg»
Å leve i tillit er vanskeleg. Det er så mange ting som valdar uro og frykt. Det å midt i alt som skjer i oss og rundt oss leve i tillit til Gud som har omsorg for oss er vanskeleg. Å vite seg i Guds hender samme kva som skjer er ei utfordring. Det krevst eit steg i tru å legge seg sjølv eller andre i desse hendene. Når eg legg meg sjølv og livet mitt i Guds hender, tek Han imot.
Når tilliten til Gud er mangelfull eller borte, kan det føre til frykt og grådigheit. Vi karrar til oss det vi kan klare for å sikre oss i eit usikkert tilvære, og vi blir overdrive opptekne av mat og klede, hus og heim. Dei vi skulle dele med kjem i andre rekke.
Det treng ikkje vere nokon motsetnad mellom det å lite på Gud og å arbeide for føda. Dei som fylgde Jesus på vandringane Hans var i ein spesiell situasjon. Dei måtte leve i tillit til at Gud ville gje dei det dei trong. Dei hadde måtta forlate fiskegarn og åkerlapp. Dei fleste av oss er ikkje i den situasjonen. Likevel trur eg vi kan ha eit meir medvite forhold til Gud som den som sørger for oss i alle ting.
Når vi vender oss til Gud i bøn, er det ikkje kven som helst vi vender oss til. Det syng i meg ei strofe som eg trur er frå ein salme: «Vår Gud og allmakts Fader». Kan det finnast noko tryggare enn ein Far som har all makt? Han som er Herre og har all makt er den samme Gud som er vår Far. Det er ein uslåeleg kombinasjon av omsorg og makt. Han som eg ber til kan hjelpe og vil hjelpe. Og vi kan stole på at Gud finn ein veg for oss også gjennom det som er vondt.
Korleis kan eg omsette i praksis Jesu ord om tillit i dag? Kanskje ved å sleppe framtida litt ifrå meg? - Den delen av framtida som ikkje krev noko av meg i dag. Eg slepper ikkje taket ut i ingenting, men over i Hans hender som veit kva eg treng.
God nok den vegen
Gud skaper for meg
God nok er leiinga Hans
steg for steg
God nok er maten
som står på vårt bord
Godt nok er livet
i gjerning og ord
Kari Kvangarsnes Miller