Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.
Tekst: Rom 8,31-39
«Guds kjærleik i Kristus»
I dette tekstavsnittet stiller Paulus ei rekke spørsmål: «Er Gud for oss, kven er då imot oss?» «Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde?» «Kven kan fordømma?» «Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik?»
Det underforståtte svaret på desse spørsmåla er: Ingen. Og svaret har sin grunn i Gud og hans handling med oss og for oss.
Når Gud er for oss betyr det ikkje noko kven som måtte vere imot oss. Det er rein utklassing i vekt og betydning. Og vi kan vite at Gud er heilhjarta på vår side sidan han gav det dyraste han eigde, sin eigen Son for oss. Då treng vi ikkje tvile på at han også vil gje alt anna som vi treng.
Gud frikjenner oss. Då betyr det ikkje noko kva skuldingar og fordøming vi måtte møte. Kristus Jesus døydde for oss, vart reist opp, er ved Guds høgre hand og ber for oss.
Alt dette som Gud har gjort for oss i Kristus, gjer at vi kan ha frimod og gå oppreiste inn i framtida.
Det er ikkje ei flukt frå røyndomen det er snakk om. Paulus lister opp prøvingar som er reelle nok: Naud, angst, forfølging, svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd. Evangeliet er at sjølv desse mest forferdelege tilstandane ikkje kan skilje oss frå Kristi kjærleik.
Guds kjærleik i Kristus Jesus er fast grunn å stå på. Ja ingen ting som vi kan møte kan rokke ved denne: «Verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning.»
Når vi tek til oss denne høgstemte teksten hjå Paulus, gir det ein bakgrunn for Jesu helsing som Han så ofte tek opp att i evangelia: «Ver ikkje redde!»
som et håp i horisonten
der skyene åpner
et vindu av lys
Et løfte:
Alt du trenger
skal bli gitt deg
Vegen er ikke veg
uten Meg
Fremtiden ikke tid
uten Meg
Kari Kvangarsnes Miller