Borgund menighet > Vis


Helgetankar 7.søndag i Treeiningstida


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Luk 15,1-10
«Den eine og dei nittini»

Ville vi ha merka det om ein var borte hvis vi hadde hundre sauer? Og hadde vi så sett dei nittini på spel for å finne den eine? Jesus gjer det. Han går utanfor allfarveg for å finne sauen som har villa seg bort. 
Jesus merkar det når vi er komne bort frå Han. Og Han leitar til Han finn. Han merkar oss. Han merkar om vi er langt borte eller nær.
Gjetarar i Midt-Austen kunne ha eigne kallerop for kvart einskildt dyr. I eit slikt intimt forhold mellom gjetar og sau kan vi tenke at den einskilde sauen var i gjetaren sitt medvit. Kanskje kan vi seie det slik at det går ein streng frå hjarte til hjarte mellom gjetar og sau. Gjetaren merkar om ein sau er borte, og den bortkomne sauen kjenner att gjetaren sin lokketone. I denne likninga er det sjølve eigaren åt sauene som leitar.
Jesus merkar oss. Merkar vi Han? Merkar vi om vi er tett ved Hans hjarte eller om vi har villa oss vekk? Merkar vi at det spelar på strengen mellom Hans hjarte og vårt når Han kallar oss til å vende om?
Ein bonde må rekne med eit visst tap. Sauer blir borte. Men Jesus aksepterar ikkje tap. Han går etter den eine som har villa seg vekk, set alle ressursar inn på å finne denne eine.
Kven identifiserar du deg med i denne likninga? Ein av dei nittini? Den eine som vart borte, eller han som leitar? Uansett lærer vi her noko om livet og lovene i Guds rike.

Fordi om eg ikkje kjenner 
namnet Ditt
betyr ikkje det
at Du ikkje talar til meg

Fordi om eg ikkje veit
kvar eg skal leite etter Deg
betyr ikkje det
at Du ikkje finn meg
og sveiper meg
i ein straum av kjærleik  

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake