Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.
Tekst: Matt 7,15-20
«Sanne og falske røyster»
Eg vil ikkje i denne andakta gi meg ut på å freiste nemne falske og ekte profetar i vår eiga samtid. Det er eg ikkje i stand til.
Men eg kan seie litt om stemmer i mitt eige hjarte og om korleis nokre tankar byggjer opp medan andre riv ned.
Nokre tankar er sanning og leier framover. Andre tankar leier inn i motløyse eller hovmot, mismot eller overmot. Nokre tankar får meg til å tenke at alt er håplaust, at eg er håplaus. Andre tankar får meg til å tenke at min eigen veg er Guds veg, at eg kan gjere som eg vil og ikkje treng korreksjon.
Tankar kjem ofte med ein «farge». Sjølve orda i tanken treng det ikkje vere noko i vegen med, men han kjem med ein «farge», ei kjensle eller ei type rørsle som gjer at vi kan kjenne att freistaren eller trøystaren, far eller fare.
Eg trur at denne teksten kan brukast til å minne oss om kor viktig det er å kjenne att ulike røyster i oss sjølve, lære å skjelne mellom ulike tendensar i vårt eige sinn.
Å fylgje Jesus vil seie å freiste kjenne att røysta hans mellom alle andre røyster. Kva veg skal vi gå? Kva er sanning? Jesus er vegen, sanninga og livet. Han er treet som ber god frukt.
Lang er veien som vi vandrer på.
Gjennom livet skal vi alle gå.
Hvert et lite skritt vi tar
blir fulgt med kjærlighet av Gud vår Far.
Hjelp oss, Herre, at vi går med deg
gjennom livet på den sanne vei.
Du er trøst og trygghet her.
Vår vandring bærer frukt når Du er nær.
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.