Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.
Tekst: 1 Kor 9,24-27
«Så spring eg ikkje utan mål»
I denne teksten blir vi samanlikna med idrettsutøvarar som ofrar mykje for å vinne sigersprisen.
Eg lurer på kor målretta vi er, og då meiner eg ikkje businessplanar og strategikonferansar på eit overflatisk nivå. Eg meiner dei måla for livet vi kan få auge på når vi konsulterar hjarte vårt, når vi spør oss sjølve kva som har verdi for oss og kva vi lengtar etter på kort og lang sikt. Eg trur vi ofte legg planar utan å ha kontakt med djupare spørsmål om kva som er målet med det vi gjer. Utan å ha eit mål for auga blir vi som boksaren som slår i lause lufta.
Paulus hadde eit klart og sterkt mål for livet sitt. Han ville nå så mange som mogleg med evangeliet om Jesus Kristus. Det var eit hardt liv, og Paulus ofra mykje for det som var hans sak, hans gjerning. Når han her oppmodar dei kristne i Korint til å «springe som ein som får sigersprisen», er sigersprisen oppstoda og det evige livet.
Eg kan spørre meg sjølv: Kva mål har eg for resten av denne sommaren? Kva lengtar eg etter, og kva steg må eg ta for å komme denne lengten i møte? Og vidare: Kva ynskje har eg for resten av livet mitt? Kva ynskje har Gud for resten av livet mitt? Dei stega eg tek i dag, fører dei meg nærare der eg ynskjer å vere i morgon?
Likevel trur eg ikkje at livet alltid er noko vi kan kontrollere, noko vi kan planlegge ved å analysere Kva? Kvifor? og Korleis? Eg trur målet ligg innbakt i dagen på ein slik måte at vi ikkje ser det før dagen er over. Vegen blir til medan vi går og eit eventuelt mønster ser vi først i ettertid.
Det er ikkje sikkert at våre planar er Guds planar og våre vegar Guds vegar. Og så ser vi det etterpå, når ting ikkje blir slik vi hadde tenkt, kva som var Guds tanke og veg.
Kvar har sin eigen måte
Kvar har sin eigen veg
Kvar må løyse si eiga gåte
og gå vegen steg for steg
Kvar har sin eigen lagnad
Lagnaden så mangt eit ver
Kvar må segle si eiga skute
i land mellom holmar og skjer
Kvar har fått sitt i livet
Kvar fekk sin eigen del
Kvar får freiste ta vare på
si eiga udøyande sjel
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.