Borgund menighet > Vis


Helgetankar 3.søndag i Treeiningstida


Her på heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til helga.

Tekst: Luk 14,15-24
«Guds rike er eit gjestebod»

Jesus fortalde mange likningar om Guds rike. Han henta bilete frå det han såg rundt seg og som alle kjente til. Når han fortel denne likninga om det store gjestebodet, er han nettopp sjølv i gjestebod heime hjå ein høgtståande farisear.
Ein av mennene som var tilstades bryt ut: «Sæl er den som får sitte til bords i Guds rike.» Kanskje tenkte han at Guds rike var for dei særs priviligerte, dei med ein plettfri vandel, læresveinane til Jesus eller fromme farisearar. Men Jesus fortel ei historie som viser at det ikkje står på Guds invitasjon til sitt rike, til festmåltidet, men på oss om vi tek imot invitasjonen eller ikkje. Dei som først blei invitert, hadde andre ting å ta seg til og kom ikkje i gjestebodet. Så blei invitasjonen utvida til å omfatte alle.
«Fattige og uføre, blinde og lamme». Desse får sitje til bords i Guds rike. I vårt velferdssamfunn har vi ambisjonar om å inkludere alle i fellesskapen. Men på Jesu tid var desse gruppene utanfor.
Det er så lett å tenke at eg må få til livet mitt. Berre med eit liv som er nokolunde vellukka kan eg komme til Gud. Men likninga om gjestebodet viser at det er det brotne meg eg kan komme til Gud med. Det er ein vid open invitasjon som gjeld alle uansett situasjon. Og vi treng ikkje få orden på livet først. Gjestebodet er for alle som tek imot. Jesus sa om sitt eige virke: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.» (Luk 5,31-32)

Det er det som gir nerve til livet
det at Du møter meg her

Det er det som gir glede til livet
det at Du kallar meg Din eigen

Det er det som gir styrke til livet
det at Du alltid ber meg heilt igjennom


Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake