Velkommen til konsert i Borgund kyrkje søndag 21. juni kl. 19.00.
Eit flott program med musikk av Böhm, Bach, Mendelssohn og Kjell Mørk Karlsen.Det er få orgler i Noreg som kler dette programmet bedre enn Borgund kyrkje sitt Marcussen-orgel. Både vi og Anders Eidsten Dahl kan glede oss.
Denne orgelkonserten er ein del av serien Internasjonale Kyrkjekonsertar i Ålesund som blir av arrangert av kantorane i Ålesund og Borgund i samarbeid med Ålesund kyrkjelege fellesråd.
Anders Eidsten Dahl er utdanna kantor ved Norges musikkhøgskole i Oslo og har diplomeksamen i solistisk orgelspel frå same stad. Etter videre studiar ved solistklassen ved Det Kongelege Danske Musikkonservatorium i København, gjennomførte han debutkonsertar i København og Oslo.
Han har blant annet studert orgel med professor Terje Winge, domorganist Kåre Nordstoga og professor Hans Fagius.
I tillegg til stillinga som førsteamanuensis i orgel ved Norges musikkhøgskole er han freelance konsertorganist og kyrkjemusikar i Bragernes kirke, Drammen. Han held jamn solokonsertar og er aktiv som kammermusikar. Dahl har kontrakt med det norske plateselskapet LAWO Classics, og har utgitt en rekke kritikarroste plater som solist og kammermusikar. Han er medlem av Norsk orgelkonsulentforening og har dei siste åra vore nytta som konsulent på en rekke orgelprosjekt.
PROGAM:
Johann Sebastian Bach (1685-1750): Preludium og fuge i C-dur, BWV 545
Felix Mendelssohn Bartholdy (1809-1847): Orgelsonate nr. 6 i d-moll.
Georg Böhm (1661–1733): Vater unser im Himmelreich
Johann Sebastian Bach: Vater unser im Himmelreich à 2 Clav. et Pedale, Canto fermo in Canone (BWV 682)
Johann Sebastian Bach: Vater unser im Himmelreich alio modo, manualiter (BWV 683)
Kjell Mørk Karlsen (f. 1947): Stella Pacis (Star of Peace), op. 223 (2024)
Johann Sebastian Bach (1685-1750): Preludium og fuge i e-moll, BWV 548
Foto: Elin Eike Worrem
Billetter i døra frå kl. 18:30 (vipps/kontantar) kr. 200. Barn og studentar gratis.