Borgund kyrkje søndag 29. mars kl. 19.00. Kyrkjekora i Borgund, Spjelkavik og Ålesund med solist Randi Røssaak og orkester.
I John Rutters Requiem blir mørkret bore forsiktig fram mot lys og fred.
JOHN RUTTER: REQUIEM
BORGUND KYRKJE
PALMESØNDAG 29. MARS KL. 19.00
Borgund kyrkjekor
Spjelkavik kyrkjekor
Ålesund kirkekor
Randi Røssaak, sopran
Yuri Hashimoto, fløyte
Ebba Ringmar, obo
Zhala Aliyeva, cello
Maria Holstad Maximov, pauke
Johannes Wik, harpe
Magnus Kløften, orgel
Nikolas Sharhorodsky Fehr, dirigent
Rutter sitt Requiem frå 1985 er eit varmt og melodisk verk som kombinerer latinske messetekstar og engelske bibeltekstar. Musikken er kjenneteikna av mjuke klangar, songbare linjer og eit uttrykk som formidlar både sorg, trøyst og håp. Requiemet har vorte eit av dei mest framførte verka i moderne kyrkjemusikk.
I tillegg Rutters Requiem blir det framført musikk for obo, fløyte, harpe og cello:
J.S. Bach: Erbarme dich (Matthaeus Passion BWV 244 Nr.39)
William Croft: Sarabande and Ground
Philip Glass: Tissue no. 6
Arvo Pärt: Spiegel im Spiegel
Konserten er støtta av Stiftelsen Kjell Holm, Møre og Romsdal fylke, Aktivitetsmidler for kor.
Billetter ved døra: 250,- / studentar 100,- / barn gratis
