Borgund menighet > Vis


Den Internasjonale Kvinnedagen


Borgund kyrkjelyd inviterer til gudsteneste på den internasjonale kvinnedagen, søndag 8. mars i Borgund kyrkje kl 18.00 med tema "Som i ein spegel"

På den internasjonale kvinnedagen, søndag 8. mars 2026, ønsker 8.mars-komiteen i Borgund menighet velkommen til temagudsteneste kl 18.00 med kyrkjekaffi etterpå i kyrkja.

Temaet i år er «Som i ein spegel»
Å feire kvinnedagen lokalt, styrkar solidaritet mellom kvinner globalt. I alle verdas land handlar det om å løfte ‘kvinner, liv, fridom’.
Denne kvelden blir vi utfordra til å møte andre og oss sjølve «som i ein spegel» og til å utforske kva det kan bety å vere ein spegel for andre.
Vi får tenne lys, sjå i speglar på forskjellige måtar og  spegle oss i dåpsvatnet.  Og i nattverdsmåltidet møter Gud oss som i ein spegel.

Takkoffer går til KFUK/KFUM Palestina.   YMCA/YWCA Palestina tilbyr barn og unge:

*trygge og tilrettelagte møteplassar
*mental helsehjelp for å handtere traumatiske erfaringar
*kompetanseheving hos unge arbeidstakarar om lovfesta rettar

YMCA/YWCA Palestina jobbar også for rettane til personar med funksjonsnedsettingar.

Song v/Robert Post

KFUK-forum Ålesund inviterer alle til kyrkjekaffi i kyrkja etter gudstenesta. 

Tolking til tegnspråk

 

Velkommen!

Ta gjerne med ein ven

Tilbake