Fastetida er dei 40 dagane før påske som den kristne kyrkja har sett av til bøn og refleksjon – ei tid for å opne opp for meir av det gode og flotte vi kan oppleve i trua vår. God og velsigna fastetid!
FASTETIDA OPNAR OPP
Fastetida er dei 40 dagane før påske som den kristne kyrkja har sett av til ettertanke og refleksjon – ei tid for å opne opp for meir av det gode og flotte vi kan oppleve i trua vår.
Fastetida begynner med askeonsdag. Vi seier ofte at fastetida varar i seks veker før påske, men søndagane er faktisk ikkje rekna med i dei 40 dagane. Kyrkja har lenge sett søndagene i heile året som ‘små påskedagar’. Derfor er dei på ein måte ikkje ein del av fastetida. Kanskje du vil sjå på ein kalender sjølv eller i lag med barna og telje mandag-lørdag frå askeonsdag (i år 18. februar) til laurdagen før påske (påske i år er 5. april) og sjå om de ikkje kjem til 40 dagar då.
Nyleg spurte nokon i ein vennegjeng: Er vi komne dit at vi kjenner oss i mål med å utvikle oss som truande kristne, eller er det meir å hente i åndeleg utvikling og i kristenlivet sin praksis? Dette er eit godt spørsmål for fastetida! Sjølv om tradisjonen med å faste er svært gammal, kan denne tida framleis opne opp for noko godt også for moderne menneske i kvardagslivet.
I luthersk tradisjon har det å faste ikkje vore ein streng ‘regel’, men anbefalt som ei hjelp til tru. I tillegg til å faste når det gjeld mat, er det anbefalt å lese meir i og om Bibelen og å be meir og kanskje på nye måtar. Det kan handle om slike private val OG vi kan velje aktive handlingar som bidreg til fellesskapen, jf. Jes.58, 3-10.
Opp gjennom århundra har folk ønska å GI ting til Gud og medmenneske i fastetida, meir enn berre å GI OPP noko, som visse typar mat og arbeid, grovare språk, sex, alkohol, m.a. Til og med sjokolade!! 😉
I fleire tiår har Kirkens Nødhjelp hjelpt kyrkja med Å GI ved å sende ut små bøsser som familiar og enkeltpersonar kunne bruke til å gi pengar slik at KN kan hjelpe medmenneske i naud. Slik kan fastetida bli både positiv og meiningsfull.
Kva kan du gjere? Kanskje har du ikkje lenger så mykje kontantar rundt om i huset eller lommene. Kan du heller lage ei liste av grupper eller organisasjonar du vil støtte og vippse litt kvar dag eller veke? Kanskje du vil gjere naboen ei teneste eller ein vennleg gest? Kanskje sette av meir tid for ein prat?
Kven veit? 40 dagar er langt på veg til ein ny vane – kanskje fastetida opnar opp noko for oss som vi får godt av heile året!!
God og velsigna fastetid!
