Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
Når vi slår på tv-en, kan det det vere ganske så underhaldande å hamne i ei verd der sex, pengar og løgn rår. Men korleis hadde det vore om vi sjølv måtte leve i ei slik verd?
Mest sannsynleg ville det ikkje vere til å halde ut. Derfor har Gud gitt oss ti bod å leve etter. Ikkje for å straffe oss med ei masse «Du skal ikkje», men for å hjelpe og beskytte oss.
Reglane er til for at vi skal ha det bra. Dei ikkje særs spesielle, for dei er den grunnvollen samfunnet vårt er bygd på.
Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat 10 bod. I Bibelen representerer talet 10 (akkurat som talla 3, 7 og 12) ofte ein heilskap, ein totalitet.
Ein kan også tyde det symbolsk at det er like bod som vi har fingre: Desse leveregla skal man halde fast ved med begge hender, med kvar einaste finger. Reglane gjeld jo «våre hender sine verk», altså alt vi menneske gjer.
I første Mosebok kan vi lese boda:
1 Gud tala alle desse orda:
2 Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
3 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
4 Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 5 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 6 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
7 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
8 Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. 9 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11 For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
12 Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
13 Du skal ikkje slå i hel.
14 Du skal ikkje bryta ekteskapet.
15 Du skal ikkje stela.
16 Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
17 Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
CS
Du kan lese gårdsdagens andakt her.