Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
Andakt på søndag før pinse
Tekst: Joh 15,26-27
«Anden sitt vitnemål og vårt»
I teksten for dagen er det tale om to slag vitnemål. Det eine er vitnemålet åt Den Heilage Ande, Sanningsanden, som går ut frå Gud Fader, og som Jesus lovar å sende. I desse versa er heile Treeininga til stades: Far, Son og Ande. Eg trur vi ofte tenkjer for lite om Anden. Anden er eit personleg og verkeleg gudsnærvær.
Når vi les Bibelen, kjem Anden oss til hjelp så vi ser og forstår det vi les. Anden «varmar» ordet og let det tale til oss personleg.
Eg er van med å tenke at når eg høyrer ein tale, må eg fylgje godt med, prøve å få med meg alt og helst hugse det etterpå. Men ein kristen leiar sa dette på eit kurs eg var på: «No skal du ikkje prøve å få med deg alt og hugse det, men ta imot det som Anden gjer levande for deg, grunn på det og gløym alt det andre.» Det er ein måte å ta imot og ta vare på Anden sitt vitnemål på.
Men det er ikkje berre Anden som skal vitne. Vi skal også vitne. Eit vitne må halde seg til sanninga. Vi vitnar når vi talar sant om livet.
Korleis er forholdet mellom Bibel og erfaring? Richard Rohr som høyrer til ein katolsk tradisjon, seier dette om grunnlaget for sin eigen metode: Skrifta gjort gyldig gjennom erfaring og erfaring gjort gyldig gjennom Tradisjonen. Så vårt eige vitnemål må slutte seg til Skrifta, og vår eiga erfaring må prøvast på andre kristne si erfaring. Grunnlaget blir Skrift, erfaring og Tradisjon, ikkje berre eit snevert forstått «Skrifta åleine» slik vi kan kjenne det frå luthersk samanhang.
Alt er Den Heilage Ande sitt verk anten Han opplyser Skrifta, våre eigne liv eller livet til kristne som har gått før oss.
Fyll dine ord med sanning
Fyll dine ord med song
Lat dei få bere til nesten
nærvær gong etter gong
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese gårdsdagens andakt her.