Borgund menighet > Vis


Ord til ettertanke (17.mai)


Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.

17.mai-feiringa vert i år annleis enn vanleg. Ein dag til ettertanke, og tekstane for dagen handlar om Gud som vernar og beskyttar.  Salme 127 er ein salme for festreisene. Vi kan sjå for oss pilegrimar som jublar over å nå målet, eller vi kan forstå salmen som ord om framtida – som gleda over å nå det fullkomne tilværet. 
Det vi veit er at pilegrimar ofte opplever vegen som målet, og ingen av oss veit eigentleg korleis himmelen ser ut. Gud som bygger og vaktar, i lag med oss, er berekraftige Gudsbilde.
Det skjer noko med oss når vi mister dei felles møtepunkta og fellesskapa, digitale fellesskap kan berre delvis erstatte å møtast på ordentlig. Vi har mista eit nødvendig rammeverk for å tolke våre liv. Når noko blir borte som vi til vanleg har, så ser vi korleis vi saknar dette. I år saknar vi panisk bunadsskifting før frukost, dugnaden der vi sel pølser eller is, alle kakene eller gnagsåra etter marsjering. Korpsmusikken og flagga – alt dette signa strev og møda som tilsaman vert ein vev av liv eller feiring. Korleis skal vi no feire dagen?
Festreise og festdag har vegen som målet, vegen handlar om å bygge, verne og vakte om eit land, om ei verd og om ein kvardag. Denne kampen kan vi feire 17. mai for, og kanskje veit vi  i år meir enn nokon gong akkurat kva det vil seie i vår tid.

Lat oss be pilegrimsbøna før Borgund kyrkje:
Far, du held alle ting oppe. Vi takkar deg for denne heilage staden – Borgund kyrkje. Takk for at du skapte oss og jorda vi bor på. Takk for skogen, fjorden og fjella. Du kjenner og elskar oss, hjelp oss å ta vare på kvarandre og alt du har skapt. Amen

KV

Du kan lese gårdsdagens andakt her.

Tilbake