Borgund menighet > Vis


Ord til ettertanke (14.mai)


Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.

Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.
Apg 2:42-47

Dagens Bibeltekst forteljer oss korleis dei første kristne levde trua si. Når eg les dette kjenner eg savn fordi vi ikkje kunne samlast dei siste vekane på grunn av koronapandemien. Fellesskap, det å kunne be saman, feire gudstenste saman, synge og feire nattverd er noko av det mest viktige og grunnlegjande i den kristne trua vår. Jesus møtte menneske personleg. Han samla disiplane rund seg for å undervise dei, be for dei, velsigne dei. Og for dei første kristne har fellesskap, brødbryting, fellesbøn, felles bibellesing vore grunnlegjande heilt frå første stund.
Utan fellesskap står vi i fare at trua tørker ut. Det er viktig å bli inspirert og inspirere andre. Det er viktig å bli bed for og kunne be for andre. Det er viktig å kunne feire nattverd i lag med kvarandre. Det er viktig å kunne dele trua med andre i samtale, bøn, sang, bibellesing og nattverd.
Alt dette savnar eg. I Borgund kyrkja og i Ellingsøy kyrkja inviterer vi til open kyrkje. Der kan ein få oppleve i alle fall litt av dette fellesskapet. Du kan sitte i stille om du ønskjer. Du kan vere med og synge salme. Du kan be om ein samtale med ein av dei tilsette som er til stades.
Og heldigvis kan vi etterkvart opne kyrkjane våre igjen til gudsteneste. Sjølvsagt forsiktig og ansvarleg med tanke på smittevern. Men vi kan få kjenne på felleskapet igjen.
Du óg er velkomen. Kom og kjenn på felleskapet og la trua få ny føde.
C.S.

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake