Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
Andakt på 5. søndag i påsketida
Tekst: Joh 15,1-8
«Eg i Han og Han i meg»
Då eg studerte på Menighetsfakultetet for over tretti år sidan, hadde eg eit ønske om nærmast å dissekere preposisjonen i i uttrykket i Kristus hjå Paulus. Vegleiaren min sa at det hadde mange freista før, utan særleg resultat. Han foreslo derfor at eg heller skulle sjå på vintrelikninga hjå Johannes.
Det går ikkje an å komme nærare enn i. Kristus bur i oss, og vi i Han. Han har gjort seg til eitt med oss. Det betyr at Kristus erfarer det vi erfarer. Han er med i både oppturar og nedturar. Og vi er tilstades i Han. Vi deler kross og oppstode med Han.
Dette at Kristus gjer seg til eitt med oss, tyder at både vi og Kristus høyrer med i denne einskapen. Våre eigne liv skal ikkje forsvinne, men oppleve ei frigjering i møtet med Kristus.
Og så byrjar ein prosess. Gud Herren er gartnaren som ser til vintreet sitt. Kristus er vintreet, vi er greinene. Og gartnaren steller med greinene så dei skal bere frukt.
Eg trur at vi er her i dette livet for å lære å vere menneske. Og Gud steller med oss. Han nyttar det som skjer i livet som reiskap når han kallar oss til samfunn med seg.
Det er stort at Gud vil vi skal bere frukt. Det er stort at Han er meistergartnar og veit kva som tener til det beste.
Innanfor alt
Innanfor alt finn eg Deg
og Din kjærleik
Når eg skreller av løken
lag etter lag
og tårene sprett
finn eg Deg
Der
i tomrommet innanfor
lever Du
og gjev meg det eg treng
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese gårdsdagens andakt her.