8.mars-komiteen i Borgund kyrkjelyd inviterer til gudsteneste på den internasjonale kvinnedagen, onsdag 8. mars i Borgund kyrkje kl 19.00 med kveldsmat etterpå i menighetshuset. Temaet er: I møte med ditt ANSIKT.
ALLE ER VELKOMEN!!
Vi møter Gud i jordskjelvofferets ansikt, i soldatmora sitt ansikt og i kvinners tildekte ansikt. Vi møter Gud i kvarandres ansikt. Vi møter Gud også i vårt eige ansikt. Noko nytt blir skapt i møtet ansikt til ansikt.
Gjennom inkluderande liturgi vil vi i denne gudstenesta invitere deltakarane til å utforske korleis ein kan kjenne seg sjølv enda bedre når Guds og vår nestes ansikt møtest ærleg og oppriktig. Jesus møtte enkeltpersonar ansikt til ansikt, kvinner og menn.
Det blir solosang ved Astrid Rødølen og Monica Solbjørg, bilde og stasjonar der ein kan oppleve nye måtar å møte Gud, andre og seg sjølv. Forfatteren Marit O. Kaldhol har også i år laga ein ny salme.
Vi håper at deltakarane opplever å bli styrka i eigne liv gjennom samhald, tillit og fellesskap.