Kvar dag deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er dagens ord.
Påskefesten er over og påskeferien ligger for lengst bak oss. Men påska tok eigentlig aldri slutt. På første påskedag begynte påska! Vi er midt i påsketida. For påsketida er deo femti dagane mellom påskedag og pinsedag. Det er tid for glede og fest.
Påska sitt bodskap om Jesu oppstode har tatt sitt inntog i naturen. Det spirar og gror rundt oss. Det som var dødt og gravlagt under snøen, har no igjen starta å vokse til liv. Til og med vi menneske kjem ut av en slags dvale. Sola gir oss lengre dagar og meir energi. Heile skaparverket opplever ei slags oppstode til nytt liv, både dyr, planter og menneske. Oppstoda blir til tydelege teikn i våre liv!
Påska sit bodskap handlar om liv i overflod. Dei første kristne vart inspirerte og sendt ut. Det passar godt til vårteikn. Om våren får eg alltid lyst til å kome meg ut, til å gjere noko, kanskje til å lage noko nytt. Våren inspirerer! Det er ikkje berre plantane som spirar og gror, til og med eg gjer det. Kjenner du på noko av det same?
Det får meg til å tenkje at i vår kan påskens dybde vere det som igjen lar seg spire i meg og gjev meg nytt mot til livet, både det som er utfordrande og det som gjev glede.
Skaparverket vitnar om Gud. Den skapte verda er ikkje Gud, men den viser Gud som skapar. Den forteljar oss noko om kven Gud er og kva Gud gjer. Skaparverket har Gud skapt så vakkert og har gitt oss til å leve på. Den minner om ansvaret vi har overfor jorda og at vi ikkje skal ta den for gitt. Mester Eckhart var en tysk munk som levde i slutten av 1200-tallet, starten på 1300-tallet. I ei av preika sine sa han ein gong: «Den som er dypt fortroleg med Guds skaparverk, treng ikkje nødvendigvis å lytte til noko preike, for naturen og kvar einaste skapning er sjølv ei bok fylt av Gud.»
I djupet av våren kan vi lytte til og sjå oppstoda Gud gjorde ein gong gjennom Jesus, og gjer igjen og igjen med jorda sin grøde. Den minner oss om Guds son som døyde og sto opp igjen, slik at du og eg kan få leve. Leve fri til elske oss sjølve, kvarandre og Gud. Våren forteljar oss om det som er umogleg – døyde ting kan bli til liv. Påska forteljar oss om det som er umogleg – eit menneske døyde og vart levande igjen.
C.S. etter ei andakt frå prest Camilla Osnes
Du kan lese siste andakt her.