I haust 2023 blir det kyrkjevalg. Vil du vere med og bestemme i Borgund sokn?
Soknerådet set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til soknerådsleiar Astrid Rødølen eller til sokneprest Kari Vatne innan 1. mars. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.
Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing.
Kyrkjevalet finn stad 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.