Ord til ettertanke på vingardssøndagen


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til vingardssøndagen.

 

Tekst: Luk 17,7-10

«Slave og fri»

Det er brukt så mange uttrykk i Bibelen for å nemne relasjonen mellom oss og Gud. Eit av dei vakraste er det at vi er barn. Då er det ikkje noko skille, vi er ein del av Guds familie og har dei rettane og privilegia hjå Gud som born har hjå sine foreldre.

Ei anna vakker nemning er ordet ven. Jesus kallar læresveinane for vener fordi han har delt alt med dei (Joh 15,15). I dette ordet ligg alt som høyrer til eit fortruleg fellesskap.

Så har vi tre nemningar som seier noko meir om innhaldet i Guds relasjon til oss; skapning, syndar og fri. Vi er Guds skapningar. Vi er ikkje vårt eige opphav, men tek imot livet som Guds gåve. Vi merkar i kropp og sinn ein avstand mellom den vi skulle vere og den vi er. Dermed nemner vi oss som syndarar. Men i Kristus finst ein fridom som vi dunkelt anar noko av allereie no.

Til slutt ser vi på det ordet som vår tekst nyttar om vårt forhold til Gud. Vi er tenarar. Det greske ordet doulos vart nytta om slavane i oldtida. Slaven høyrte herren sin til og rådde ikkje over sitt eige liv.

Det slaveforholdet Jesus skildrar er eit forhold som er inngått frivillig og som ikkje minst gjeld han sjølv. «Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.» (Fil.2,6f)

Når Gud er herren, kan det umogleg vere fornedrande å vere slave. Å vere hans tenar er å stå i ein livssamanhang som er større enn vår eigen tilfeldige vesle vilje. Lydnaden gjeld kallet til å leve med Gud og dermed lydnad mot det som er djupast i oss.

Herre, du viser oss frihetens vei,

fri er blott den som kan tjene,

den som av kjærlighet glemmer seg selv,

den som blir tilgitt – og tilgir.

Vis du oss veien, du frihetens Herre!

Gi du oss vilje å gå den!

(Tore Littmarck N13 nr737 vers 2)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake