Ord til ettertanke på treeiningsdagen


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til treeiningsdagen.

 

Tekst: Luk 10,21-24

«Gud er tre»

At Gud er éin har dei fleste av oss eit nokolunde naturleg forhold til. Dei tre store religionane som har opphav i midtausten har dette til felles. Kristendom, jødedom og islam er alle monoteistiske religionar. Gud er éin.

Men kristendommen lærer samstundes at Gud er tre! I vår bibeltekst er alle dei tre personane i guddomen tilstades. Jesus jublar i Den Heilage Ande og går så over til å tale om seg sjølv som Sonen og om Faderen.

Nemningane Fader og Son om Gud definerar personane i forhold til kvarandre. Dei er ikkje isolerte storleikar, men finn seg i ein relasjon. Gud er Far, Son og Ande, ikkje eit evig urøyrleg eitt-tal. Når vi ser at Gud er relasjon, gir det og meining å nemne Gud som kjærleik. Far og Son gir seg ustoppeleg til kvarandre. Anden kan vi kanskje seie er det som lever mellom dei: ein straum, liv og rørsle.

Moderne naturvitskap og teologi nærmar seg kvarandre, kan det virke som. I mikrokosmos vert dei ørsmå partiklane haldne i sine banar av krefter som verkar i det tilsynelatande tomme rommet mellom dei. Kanskje er ikkje rommet tomt? Kanskje er det Anden som «svevar» der? (1 Mos 1,2) Anden er Guds rørsle, pust og vind.

I ein av lesetekstane denne søndagen, 1 Mos 18,1-8, finn vi ei merkeleg forteljing. Abraham får besøk av tre menn. Desse tre mennene oppfattar Abraham er Gud. Han steller til eit festmåltid for dei, men blir sjølv ståande på avstand medan dei et. Dette kjærleiken sitt fellesskap og liv mellom tre, er vi invitert inn i. Vi får sitte på den fjerde sida av bordet. Vi får seie Abba, Far, og ta imot Den heilage ande. Slik vert Jesus den førstefødte mellom mange søsken.

Gud let seg ikkje utforske som objekt for vår tanke. Vi kjem til eit visst punkt, og så ikkje lenger. Gud er «løynt for dei vise og forstandige». Men «umyndige små» kan oppfatte ein enkel metafor. Nok til å kunne tre inn i relasjonen.

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake