Ord til ettertanke 5.søndag i påsketida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 5.søndag i påsketida.

 

Tekst: Luk 13,18-21

«Det Gud gjer veks»

Guds rike på jorda er Guds gjerning. Det er ikkje noko vi skal prøve å få til så godt vi kan. Det vesle sennepsfrøet er Guds virke i verda. Det er hans vilje og råd som har slik spirekraft og potensiale i seg at det vesle frøet veks til ein stor busk. Og den lille klumpen med surdeig gjennomsyrer snart heile deigen. Vår rolle er å sjå, å høyre og å vente. Og så får vi innimellom lov til å vere med å spele ei lita rolle i hans plan. Alt dette er av nåde og ikkje noko vi skal få til.

Vi må rekne med Gud. Rekne med at han fører sitt verk til endes. Tålmod er ei kristen dygd som lar oss sjå at det som kan sjå smått ut er av Gud og som lar oss vone og vente på at han skal føre sitt verk vidare. Alt som er av Gud er levande og har vekstpotensiale i seg. Sjølv om det kan verke smått ber det himmelske krefter. Vi gjer vel i å akte på og takke for det vesle som Gud gjer. I det ligg vår von både for denne og den komande verda.

Så skal vi få be med Kristus om at Riket må komme og at Guds vilje må skje på jorda som i himmelen. Denne bøna er som eit lite frø vi kan så. Og vi skal vente og vake og sjå den Guds finger som rører ved våre liv.

Vår von står til Gud både i privatliv, kyrkje og samfunnsliv. Hans krefter kan vekse mellom oss. Det er faktisk ikkje vi som skal berge verda. Men vi får vere med, og vi kan gi akt på det vi ser rundt oss som ber Guds fingeravtrykk.

«Ditt rike står gjennom alle tider,

ditt herrevelde gjennom alle slekter.

Halleluja, halleluja.»

                                                               (N13 nr 952, Salme 145,13)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake