Les mer

Orgelaksjon for Borgund kyrkje

25.03.2018

Orgelaksjon for Borgund kyrkje

Målet med orgelaksjonen for Borgund kyrkje er å samle inn 1, 5 mill kroner for å modernisere og oppgradere orgelet. Vi inviterer deg til å bidra.

Kjære ven av Borgund kyrkje.
Orgelet i Borgund kyrkje skal no få sårt tiltrengt stell. Instrumentet har ikkje vore overhala sidan innviinga i 1981. I samband med denne planlagte storservicen, har vi sett oss som mål å samle inn 1,5 mill kroner for å kunne modernisere og oppgradere orgelet i same rennet.
Vi inviterer deg til å bidra.

Orgelet i Borgund er vakkert og imponerande både for auge og øyre, men organistane som skal bruke instrumentet, har sårt sakna tekniske og elektroniske hjelpemiddel som gjer det mogleg å endre klangfarge og styrkegrad på ein god og rask måte.

Med dei rette hjelpemidla på plass vil organistane rett og slett kunne utnytte ressursane i orgelet betre. Denne 
oppgraderinga vil bety mykje for det musikalske uttrykket, og det vil vere til glede for oss i kyrkjebenkane. Dette er ikkje minst viktig ved gudstenester, gravferder og vigsler, der det ikkje er mogleg å ha ein eigen person til å registrere for å 
endre klangfarge og styrkegrad.

Borgund kyrkje har ei stolt historie og ein viktig posisjon i byen vår. Allereie i tidleg middelalder gjekk folk til kyrkje i Borgund. Komiteen føler at vi også har ei historisk forplikting til å ta vare på den vakre kyrkja vår og det særprega inventaret.

Vi veit at Borgund kyrkje betyr mykje for mange, og det er 
derfor med stort frimod Orgelnemnda vender seg til deg med håp om støtte til ei svært naudsynt modernisering.

Erfaringa vår er at folk i Borgund stiller opp for kyrkja si, så vi har stor tru på at innsamlingsmålet vi har sett oss er realistisk. Med dykkar gode vilje og hjelp skal vi lukkast med dette.

Derfor startar vi orgelaksjonen i Borgund no!

Alle bidrag, små eller store, vil vere viktige for å nå målet om eit velfungerande og moderne orgel.

Du kan få skattefrådrag ved pengegåver til prosjektet.

Bankkonto 3910.60.68252 VIPPS: #511015
Merkast “Orgel”

Med helsing Orgelnemnda

Sidsel Waage Aurdal, Jostein Maude, Odd Olsvik, 
Dagfinn Ratvik, Svein Sagstad, Kjetil Kvangarsnes og 
Kristin Roald Bjørnøy